Sartorial Eloquence (Don't Ya Wanna Play This Game No More?)
Hopp til navigering
Hopp til søk
Sartorial Eloquence (Don't Ya Wanna Play This Game No More?) Singel av Elton John frå albumet 21 at 33 | ||
B-side | «Cartier» «White Man Danger» | |
---|---|---|
Utgjeve | 5. august 1980 | |
Sjanger | Pop | |
Lengd | 4:44 | |
Selskap | Rocket Records | |
Låtskrivar(ar) | Elton John / Tom Robinson | |
Produsent | Elton John & Clive Franks | |
Elton John-kronologi | ||
«Little Jeannie» (1980) |
Sartorial Eloquence (Don't Ya Wanna Play This Game No More?) | «Dear God» (1980)
|
«Sartorial Eloquence (Don't Ya Wanna Play This Game No More?)» er ein song av Elton John med tekst skriven av Tom Robinson, gjeven ut på albumet 21 at 33 i 1980. I Storbritannia vart singelen gjeven ut som «Sartorial Eloquence» og i USA som «Don't Ya Wanna Play This Game No More?». Singelen gjorde det middels og nådde berre 39. plass i USA. Musikalsk er songen eit døme på popballadane som dominerer dei fleste songane på albumet.
Songen vart meir kjend i heimlandet utover i 1980-åra då han vart nytta i BBC si årlege dekning av verdsmeisterskapen i snooker.
Medverkande[endre | endre wikiteksten]
- Elton John – solo- og korvokal, overdubba piano, akustisk piano
- Reggie McBride – bassgitar
- Steve Lukather – elektrisk gitar
- James Newton Howard — elektronisk klaverspelar
- Victor Feldman – tamburin
- Alvin Taylor – trommer
- Venette Gloud – korvokal
- Carmen Twillie – korvokal
- Stephanie Spruill – korvokal
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «Sartorial Eloquence (Don't Ya Wanna Play This Game No More?)» frå Wikipedia på engelsk, den 23. november 2011.