Schübler-koralane

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Framsida på Schübler-koralane, 1746

Schübler-koralane er namnet på ei samling av seks koralpreludium av Johann Sebastian Bach (BWV 645–650). Dei vart gravert og publisert seint i 1740-åra av Johann Georg Schübler, som dei har fått namn etter. Samlinga hadde opphavleg tittelen Sechs Choräle von verschiedener Art. Stykka er komponert for to manualar med obligatorisk pedal.

Unikt for Bach sine orgelverk var at fem av desse seks koralane er transkribert frå hans eigne kantatar.

BWV Koralnamn Transkribert frå
645 Wachet auf, ruft uns die Stimme Wachet auf, ruft uns die Stimme, BWV 140 sats 4 (tenorkoral)
646 Wo soll ich fliehen hin Ingen (sjå under)
647 Wer nur den lieben Gott lässt walten Wer nur den lieben Gott läßt walten, BWV 93, sats 4 (duett for sopran og alt)
648 Meine Seele erhebt den Herren Meine Seel erhebt den Herren, BWV 10, sats 5 (duett for alt og tenor)
649 Ach bleib bei uns, Herr Jesu Christ Bleib bei uns, denn es will Abend werden, BWV 6, sats 3 (soprankoral)
650 Kommst du nun, Jesu, vom Himmel herunter Lobe den Herren, den mächtigen König der Ehren, BWV 137, sats 2 (altsolo)

Koralen BWV 646 kan ha vore originalt skriven for orgel. Han er ikkje transkribert frå nokre av dei kjende kantatane til Bach, så han kan òg ha kome frå ein tapt kantate.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]