Schladming

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Utsyn over Schladming

Schladming er ein by og ein kommune i distriktet Liezen, vest i forbundslandet Steiermark i Austerrike. Kommunen har sidan 2015, då byen Schladming vart slått saman med Pichl-Preunegg og Rohrmoos-Untertal, eit areal på vel 211,1 km² og i kring 6 600 innbyggjarar (2018). Schladming ligg i den midtre delen av Austerrike, nær grensa til forbundslanda Salzburg og Oberösterreich. Byen er omkransa av Dachsteinfjellet i nord og Niedere Tauern i sør.

Schladming er ein internasjonalt kjend vintersportsstad. Både VM i alpine greiner 1982 og i 2013 vart avvikla i byen. Mange gongar har Schladming vore vertskap for verdscuprenn i alpint. Verdscupen i alpine greiner 2012 vart avslutta i Schladming med renn i alle øvingane. Norske Aksel Lund Svindal vann då utfortevlinga for menn.

Byen er nasjonalt kjend for ølet sitt; Schladminger Bier.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]