Schwechat

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Flyfoto av Schwechat

Schwechat er ein by og ein kommune i distriktet Bruck an der Leitha i forbundslandet Niederösterreich i Austerrike. Kommunen har ei flatevidd på 44,8 km² og i kring 18 000 ibuarar. Byen ligg 162 meter over havet, ved der elva Schwechat renn inn i Donau.

Hovudflyplassen i Austerrike, Flughafen Wien-Schwechat, er plassert i kommunen, 18 km søraust om sentrum av Wien. Også det største oljeraffineriet i Austerrike ligg i Schwechat.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]