Seathwaite Tarn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Seathwaite Tarn
innsjø
Seathwaite-Tarn-by-Paul-Lockett.jpg
Land Flag of the United Kingdom (3-5).svg Storbritannia
Innsjøtype reservoar
Tilsig Tarn Head Beck, Near Gill, Far Gill, Bleaberry Gill
Utløp Tarn Beck
Høgd over havet 366 moh.
Areal 0,26[1] km²
Største djupn 24 m
Koordinatar 54°22′44.66″N 3°9′17.83″WKoordinatar: 54°22′44.66″N 3°9′17.83″W

Seathwaite Tarn
54°22′45″ N 3°9′18″ W
Wikimedia Commons: Seathwaite Tarn

Seathwaite Tarn er eit reservoar i Furness Fells i Lake District i England. Det ligg sør for Grey Friar og vest for Brim Fell (på ryggen mellom The Old Man of Coniston og Swirl How) og nordaust for landsbyen Seathwaite i austsida av Duddon Valley.

For å få nok drikkevatn vart vatnet demd opp i 1904 og gjort mykje større. Under bygginga av demninga gjorde nokre av arbeidarane bråk i landsbyen og fleire vart skotne. Ein av dei døydde dagen etter.[2]

Demninga

Demninga er nesten 360 meter lang og gjer innsjøen opp mot 24 meter djup på det djupaste.

Det ligg ei steinrøys frå bronsealderen nær Seathwaite Tarn, som vart funne i 2003.[3]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Seathwaite Tarn». The Lake District Wiki. Henta 30. mars 2010. 
  2. «Navvyman chapter 4». Navvyman. Coracle Press/Victorianweb. 1983. Henta 30. mars 2010. 
  3. «Seathwaite Tarn excavation». Lake District National ark website. National Parks. 2007. Henta 30. mars 2010. [daud lenkje]