Sekstendelsnote

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Ein sekstendelsnote med halsen opp, ein med halsen ned og ein sekstendelspause til slutt.
Fire sekstendelsnotar bunde saman ved hjelp av to notebjelkar.

Ein sekstendelsnote, på italiensk semicroma, er i musikknotasjon ein note som tilsvarar 1/16 (éin sekstendel) av verdet til ein heilnote. Med andre ord går det 16 sekstendelsnotar på den tida det tek å spele éin heilnote. Ein enkel sekstendelsnote er avbilda med hovud, hals og to faner festa til halsen. Som regel opptrer sekstendelnotane i grupper, der alle notane festast saman ved hjelp av to notebjelkar. På den måten blir det òg mykje lettare for musikarar å lese partitur der notane finst.