Separasjonsprosess

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Separasjon er ein metode for å skilje eitt eller fleire stoff (gass, væske, fast stoff) frå andre.

Gravitativ separasjon[endre | endre wikiteksten]

Gravitativ separasjon er å skilje væsker og gassar på grunn av skilnad i tettleik. Prosessen nyttar ein mellom anna i petroleumsreservoar der gass, olje og vatn finst i separate sjikt (gass øvst, vatn nedst). Partikler med ulik tettleik, til dømes mineral i ein bergart, kan i ein nedknust fraksjon vert skild frå kvarandre ved å innleirast i ulike såkalla tunge væsker.

Elektrostatisk separasjon[endre | endre wikiteksten]

Elektrostatisk separasjon er fråskiljing av stoff som har forskjellige elektrofysikalske eigenskapar i eit elektrostatisk felt. Metoden vert nytta ved oppreiingsprosessar, både for malm og for somme ikkje-metalliske mineral.

Magnetisk separasjon[endre | endre wikiteksten]

Magnetisk separasjon er fråskiljing av stoff med ulik magnetisk permeabilitet. Metoden vert nytta ved oppreiing av malm og for å fjerne uønskte metallpartiklar i industriprosessar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]