Shahrizor

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Shahrizor er ei slette mellom Suleimania og Darbandikhan, søraust i Irakisk Kurdistan.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Sharazor og kongen her Yazdan Kard er nemnde i Karnamag, ei bok om persisk mytologi av Ardashir I[1] og i inskripsjonar i Narseh. Under sassanidane var Sharazor ein av fem provinsar i satrapien Medes, eit iransk oldtidsfolk.

På 300-talet hadde somme av innbyggjarane på Sharazor konvertert til kristendom og vart forfølgde av sassanidane. Døme på dette var drapet på biskopen Shahdost Shahrazori og 128 av følgjarane hans.

Keisar Heraklios var i Shahrazur ein månad i februar 628.

I 642 evt. var Sharazor åstad for eit stort slag mellom kurdarar og invaderande arabiske muslimar som ønskte å erobre Sassanideriket. Etter å ha lidd massive tap, fekk arabarane kontroll over området i 643.

Sharazur vart innlemma i Ardalan fyrstedøme frå 1000- til 1500-talet[2] og var den første hovudstaden her. Sidan var det ein del av Baban fyrstedøme.

Yaqoot Hamawi skildra regionen Sharazor som området mellom Erbil i vest og Hamadan i aust inkludert mange byar og landsbyar. Han skriv at innbyggjarane i regionen bestod utelukkande av kurdarar.[3]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Kārnāmag-ī Ardaxšīr-ī Pābagān, av Ardashir, son av Babag, kapittel VI
  2. Kurdistan: Divided Nation of the Middle East - Page 10, by S. S. Gavan. Lawrence & Wishart, 1958
  3. Kitab Mu'jam Al Buldan av Yaqoot Hamawi, vol. 3, s. 425−427