Shark Bay

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Satellittbild av Shark Bay. (Kjelde: NASA)

Shark Bay er eit naturreservat på nordvestkysten av Australia, og vert rekna av UNESCO som eit verdsarvområde.

Mikrobar i Hamelin Pool, sør i bukta, byggjer stromatolittar som liknar på dei dei første viktige livsformene på jorda laga for tre tusen millionar år sidan. I reservatet lever òg ei gruppe på om lag ti tusen av den truga arten dugong.

Det finst to større busetjingar i Shark Bay: Denham, som er administrasjonssenter, og Monkey Mia.

Spire Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.