Shefolk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå She)
Tradisjonell shedans i Guangdon.

Shefolk (kinesisk skrift 畲族, pinyin shēzú) er ei folkegruppe i Folkerepublikken Kina, ei av dei 55 offisielt erkjende minoritetsgruppene i landet. Shefolket utgjer den største etniske minoriteten i provinsen Fujian, og bur elles i granneprovinsane Zhejiang, Jiangxi, Guangdong og Anhui. Ved utgangen av 1900-talet var rundt 700 000 kinesarar klassifiserte som shefolk.[1]

Shespråket er eit hmong-mien-språk. Dei fleste shear talar i dag kinesiske dialektar som hakka. Dei som held på det tradisjonelle språket bur for det meste i Guangdong.

Religiøst er shefolk gjerne buddhistar eller polyteistar. Som mange kinsearar driv dei med forfedredyrking.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 709 592 var det nøyaktige tal ifølgje folketeljinga av 2000: China Statistical Yearbook 2003, s. 48


Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]