Anhui

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Anhui si plassering i Kina

Anhui (kinesisk: 安徽; pinyin: Ānhuī; Wade-Giles: An-hui; Postsystem-pinyin: Ngan-hui, Anhwei eller An-hwei) er ein provins i Folkerepublikken Kina. Provinsen ligg aust i Kina, ved buktene til Chang Jiang (Yangtze-elva) og Huai He-elva. Han grensar til Jiangsu i aust, Zhejiang i søraust, Jiangxi i sør, Hubei i sørvest, Henan i nordvest, og Shandong eit lite område i nord. Namnet Anhui er avleidd frå bynamna Anqing og Huizhou (i dag Huangshan). Den kinesiske enkeltteiknsforkortinga er 皖 for Wan. Hovudstaden i provinsen er Hefei.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Anhui består av fleire, ulike landskapstypar. Norddelen av provinsen er del av den nordkinesiske sletta, medan midtre områda i nord høyrer til landskapet langs Huai He. Begge desse områda er svært flate og tett folkesette. Lenger sør vert landskapet meir kupert, der fjellkjeda Dabieshan dekker mykje av det sørvestlege Anhui. Fleire fjellkjeder og høgder går gjennom det søraustlege Anhui. Sør i Anhui renn elva Chang Jiang renn gjennom dei to sistnemnde fjellområda. Høgste fjelltoppen i Anhui er det 1 873 meter høge Lotusfjellet i Huangshan-fjella, søraust i provinsen.

Dei største elvane er Huai He i nord og Chang Jiang i sør. Største innsjøen er Chaohu, sentralt i provinsen, som dekker eit areal på i kring 800 km². Søraust i provinsen, nær Chang Jiang, er det mange innsjøar.

Klima[endre | endre wikiteksten]

Klimaet i nord er heller temperert, med ganske klare skilje mellom årstidene. Temperaturnormalen for januar ligg mellom -1 til 2°C nord for Huai He, og mellom 0 to 3 °C sør for Huai He. Middeltemperaturen for juli er på 27 °C eller høgre. Regntida pågår i juni og juli månad og kan føre sette store område under vatn.

Demografi[endre | endre wikiteksten]

Han-kinesarar utgjer eit overveldande fleirtal i Anhui. Huifolk og shefolk er dei to største minoritetsgruppene.

Administrasjonseiningar[endre | endre wikiteksten]

Anhui er sidan august 2011 delt i 16 byprefektur.

Kart # Namn Hanzi Hanyu Pinyin Administrasjonssete
Anhui prfc map.png
byprefektur
1 Hefei 合肥市 Héféi Shì Luyang
2 Anqing 安庆市 Ānqìng Shì Yingjiang
3 Bengbu 蚌埠市 Bèngbù Shì Longzihu
4 Bozhou 亳州市 Bózhōu Shì Qiaocheng
6 Chizhou 池州市 Chízhōu Shì Guichi
7 Chuzhou 滁州市 Chúzhōu Shì Langya
8 Fuyang 阜阳市 Fǔyáng Shì Yingzhou
9 Huaibei 淮北市 Huáiběi Shì Lieshan
10 Huainan 淮南市 Huáinán Shì Tianjia'an
11 Huangshan 黄山市 Huángshān Shì Tunxi
12 Lu'an 六安市 Lù'ān Shì Jin'an
13 Ma'anshan 马鞍山市 Mǎ'ānshān Shì Yushan
14 Suzhou i Anhui 宿州市 Sùzhōu Shì Yongqiao
15 Tongling 铜陵市 Tónglíng Shì Tongguanshan
16 Wuhu 芜湖市 Wúhú Shì Jinghu
17 Xuancheng 宣城市 Xuānchéng Shì Xuanzhou

Dei seksten byprefektura er delt opp i 105 einingar på fylkesnivå (44 distrikt, fem byar på fylkesnivå, og 56 fylke). Desse er i sin tur delt opp i til saman 1 845 kommunar (972 bykommunar, 634 landkommunar, ni etniske landkommunar, og 230 subdistrikt).

Økonomi[endre | endre wikiteksten]

Landbruket, som er viktigaste næringsvegen i Anhui, varierer i høve til kva klimasone ein er i. Nord for elva Huai He dyrkar ein mest kveite og søtpoteter, dessutan soyabønner, mais og durra. Sør for Huai He dominerer ris og kveite, våtrisen utgjer halvparten av jordbruksproduksjonen og vert dyrka dei fleste stader sør for Huai He. Største salsavlingane i provinsen er raps, te, bomull, tobakk, silkeormkokongar og jute. Teen i provinsen er kjent for sin fine kvalitet. Det vert også dyrka pærer, druer, dadlar og granateple. Viktigaste husdyra er storfe og svin. Skogsområda i fjella er rike på ei rekke planteprodukt som vert nytta i kinesisk urtemedisin. Dei mange innsjøane gjer at Anhui er eit senter for oppdrett av ferskvassfisk i Kina.

Naturressursane i Anhui omfattar jarnmalm i Ma'anshan, kol i Huainan, og kopar i Tongling. Desse naturressursane vert foredla i nærområda. Langs Chang Jiang finst noko tungindustri, han er etter kinesisk målestokk relativt småskala. Dei tre største næringsselskapa i Anhui er høvesvis ein sementprodusent, eit forsikringsselskap og eit jarn- og stålverk. Bilprodusenten Chery held til i Wuhu. Kjøleskap og vaskemaskiner vert også laga i provinsen. Viktige industrigreiner elles er tekstilproduksjon og tilverking av matvarer. Særleg er Bengbu kjent for sin fødevareindustri. Likørar er mellom lokale spesialitetar.

Skipstrafikken på dei mange elvane er eit markant trekk i samferdsla. Større skip kan gå på Chang Jiang heile året. Fuyang og Hefei er viktige knutepunkt på det nasjonale jarnbanenettet. Jarnbanelinja Beijing-Kowloon som vart opna i 1997, går gjennom Anhui.

Samanlikna med naboane i aust, Zhejiang og Jiangsu, ligg Anhui markert etter i økonomisk utvikling med eit bruttonasjonalprodukt rundt ein tredel av nivået i dei to provinsane. Dessutan er det store interne skilje, mesteparten av rikdomen ligg i industriregionane nær Chang Jiang, så som Hefei, Wuhu, og Ma'anshan. Stadige flaumar er ei av årsakene til at Anhui er mellom dei mindre utvikla provinsane. Ein ganske stor del av befolkninga reiser til andre provinsar for å søke arbeid.

Steinport til byen Xidi i Anhui

Historie[endre | endre wikiteksten]

Provinsen Anhui vart oppretta på 1600-talet. Før det var det inga eining som heitte Anhui, heller ikkje under noko anna namn. Det nordlege Anhui var kulturelt klart ein del av den nordkinesiske sletta og hadde dermed mykje til felles med det som i dag er provinsen Henan. Det sentrale Anhui omfatta det meste av det fruktbare og tett folkesette nedslagsfeltet for elva Huai He. Det sørlege Anhui, som ligg langs begge sider av elva Chang Jiang, låg kulturelt nærare med provinsane Hubei og sørlege Jiangsu. Høgdedraga i det søraustlege Anhui utgjorde sin eigne distinkte kulturelle sfære. Opprettinga av provinsen har ikkje utviska de kulturelle skilnadene.

Under Shang-dynastiet utgjorde det meste av folkesetnaden innan området ikkjekinesiske folkegrupper som kollektivt gjekk under det kinesiske namnet Dongyi. Kong Tang av Shang, legendenes stiftar av Shang-dynastiet, skal ha hatt hovudstaden sin i Bo (亳), i området rundt Bozhou i det moderne nordlege Anhui.

Under krigarrika-tida vart Shouchun (det moderne fylket Shou) i det sentrale Anhui gøymestad for Chu etter at kjerneområda der i det moderne Hubei vart erobra frå vest av den mektige staten Qin, i 278 f.Kr. Qin klarte etter kvart å erobre hiele Kina i 221 f.Kr. og danna dermed Qin-dynastiet.

Anhui var administrert under ei rekkje kommanderi under Qin-dynastiet og Han-dynastiet. Nær slutten av Han-dynastiet vart Shouchun base for krigsherren Yuan Shu, som utropte seg sjølv til keisar men kort etter dukka under av sjukdom slik at det vesle riket hans hamna under krigsherren Cao Cao, grunnleggjar av Wei-riket, eit av dei tre kongedøma.

300-talet trengte ei rekkje nomadiske stammer frå Sentralasia inn i det nordlege Kina. Dette innleidde nokre hundreår med politisk skilje mellom det nordlege og det sørlege Kina. Ettersom Anhui låg i overgangssona mellom nord og sør, gjennomlevde det stadige maktskifte, og dei ulike delane vart delaktig i ulike historiske skjebnane. Slaget ved Feishui i år 383, fann stad i Anhui.

Sui-dynastiet (581-618) og Tang-dynastiet (618-907) innebar fred og semje i Kina; under desse åra var Anhui styrt av vekslande jurisdiksjonar.

Då Kina var delt mellom Jin-dynastiet i nord og det sørlege Song-dynastiet i sør var Anhui atter todelt, denne gongen langs Huai He. Dette varte til mongolane sameinte Kina att i 1279.

Med Ming-dynastiet vart rikshovudstaden til å begynne med lagt til Nanjing, og då vart det som no er Jiangsu og Anhui gitt ein felles spesialstatus som territorium direkte understilt sentralregjeringa, òg kalla Nanzhili (南直隸 «sørleg direktestyrt»). Dette heldt fram sjølv om hovudstaden snart vart flytta til Beijing.

Qing-dynastiet, som erobra Kina i 1644, endra dette ved å omgjere Nanzhili til ein vanleg provins under namnet Jiangnan, og i 1666 vart Jiangsu og Anhui delt i to provinsar. Dette var starten på den noverande provinsen Anhui, som for det meste har behaldt dei dåverande grensene. Den einaste større endringa var flyttinga av provinshovudstaden frå Anqing til det meir sentralt plasserte Hefei i 1946.

Folkerepublikken Kina vart grunnlagt i 1949 vart Anhui ei kort tid delt i to administrative regionar: Wanbei (nordlege Anhui) og Wannan (sørlege Anhui). Dei vart slegne saman til ein provins i 1952.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]