Sheikh Hasina

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sheikh Hasina

PartiBangladesh Awami League
Fødd28. september 1947 (76 år)
FødestadTungipara i Aust-Pakistan (no Bangladesh)
MorSheikh Fazilatunnesa Mujib
FarSheikh Mujibur Rahman
EktefelleM. A. Wazed Miah
BarnSajeeb Wazed, Saima Wazed

Sheikh Hazina Wazed (fødd 28. september 1947) er ein bangladeshisk politikar som har vore statsminister i landet frå 1996 til 2001 og frå 2009. Ho har vore leiaren av partiet Awami League sidan 1981.

Sheikh Hasina Wazed er dotter til Muijibur Rahman, den første presidenten av Bangladesh. Ho deltok ei politikk frå 1960-talet, og var bodberar for faren då han sat fengsla mot slutten av tiåret.

I august 1975 blei foreldra og brørne hennar drepne under eit militærkupp. Hasina og syster hennar som var utanlands overlevde. I 1981 vende Sheikh Hasina tilbake til Bangladesh under general Hossain Mohammad Ershad. Ho danna ein opposisjon mot han, men var mykje av tida i fengsel eller husarrest.

Etter eit ultimatum stilt av Sheikh Hasina og det balngladeshiske folket trekte general Ershad seg tilbake i 1991. I det første valet etter militærdiktatura var det likevel rivalen hennar Khaleda Zia frå Bangladesh Nationalist Party (BNP) som blei vald til statsminister.

I 1996 vann Awami League og Sheikh Hasina valet og ho blei statsminister. I denne tida skreiv ho under ein fredsavtale med opprørsstyrkar i søraustlege Bangladesh og ein avtale om vassressursar med India.

I 2001 blei ho pressa til å gå av etter skuldingar om korrupsjon og misnøye med det nære (nokre sa underdanige) tilhøvet deira til India. Sheikh Hasina er seinare blitt skulda for både korrupsjon og drap. Ho sat fengsla i eit år fram til ho drog til USA i 2008 for medisinsk behandling. I 2009 blei ho vald til sin andre periode som statsminister.

Sheikh Hasina studerte ved Universitetet i Dhaka på 1960-talet. Ho gifta seg med M.A. Wazed Miah i 1968.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne politikkartikkelen som har med Bangladesh å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.