Shirley Strickland

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Shirley Strickland
Shirley Strickland.jpg
Statue av Strickland ved OL-arenaen Melbourne Cricket Ground
Fødd 18. juli 1925
Northam
Død

11. februar 2004
Perth

Yrke friidrettsutøvar, sprinter
Shirley Strickland på Commons

Shirley Barbara Strickland de la Hunty (18. juli 192511. februar 2004) var ein australsk friidrettsutøvar som tevla i sprint og hekkeløp. Ho vann tre olympiske gullmedaljar og i alt sju medaljar i tida 1948-56.

Strickland, som var frå småbyen Northam i Vest-Australia sikra seg bronsemedaljane på både 100 meter og 80 meter hekk under Sommar-OL 1948 i London. Ho var også med på det australske stafettlaget som kom på andreplass på 4 x 100 meter stafett, bakom Nederland. To år seinare vann ho tre gull og to sølv under Samveldeleikane 1950 i Auckland. Same året gifta ho seg med geologen Lawrence de la Hunty.

Under sommarleikane 1952 i Helsinki vann Strickland 80 meter hekk, og som i 1948 vart det bronse på 100 meter.

sommarolympiaden 1956 fann stad i Melbourne i november/desember, forsvarte ho meistertittelen på 80 meter hekk og ho sprang startetappen for Australia sitt lag som vann gull på 4 x 100 meter stafett med verdsrekordtida 44,5 sekundar.

Stricklands personlege rekordar var 11,3 og 24,1 på høvesvis 100 m og 200 m. På 80 meter hekk fekk ho notert 10,89 sekundar elektronisk, manuelt 10,7.

Ho døydde i Perth i Vest-Australia.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]