Sidelinjeorgan

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sidelinja til ein hai

Sidelinjeorgan eller sidelinje er sanseorgan hjå fisk som blir brukt til å registrera rørsler og trykkendringar i vatnet rundt dei. Dei fleste larvar hjå amfibium har også eit sidelinjeorgan, men berre nokre vaksne amfibium har organet.

Sidelinjeorganet er vanlegvis synleg som ei linje langs sidene av fisken, frå hovudet og heilt bak til halefinnen. På sjølve hovudet er linja gjerne forgreina. Det omfattar ei rekkje opningar og slimfylte kanalr som inneheld sanseorgan, neuromastar.[1]

Hjå nokre artar er delar av sidelinjeorganet modifisert til elektroreseptorar som kan registrera elektriske utladingar i omgjevnadane.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Fisk - Institutt for biovitenskap», www.mn.uio.no, henta 26. april 2020