Hopp til innhald

Sigbjørn Mostue

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sigbjørn Mostue
NasjonalitetNorsk
StatsborgarskapNoreg
Fødd8. oktober 1969 (56 år)
Kløfta
YrkeForfattar
Periode2005-
SjangerFantasy, kriminallitteratur, barnelitteratur
PrisarARKs barnebokpris
DebutGravbøygen våkner
Nettstadsigbjornmostue.no

Sigbjørn Mostue (fødd 8. oktober 1969 Kløfta)[1] er ein norsk forfattar.

Han debuterte i 2005 med Gravbøygen våkner, ein fantasyroman for barn og unge.[2] Debutboka var fyrste del av trilogien Alvetegnet. Serien vart fullført med Nissedreperen (2006) og Krakens gap (2007). Det er seld over 100 000 eksemplar av bøkene i trilogien (2012), og dei er også komne ut på dansk og polsk.[2] I 2009 gav han og Matthijs Holter ut fantasyromanen Mørkeboka og i 2010 kom fyrste del i ein ny triologi kalla Den siste magiker. I 2012 kom kriminalromanen Operasjon Helena ut som fyrste vaksenboka hans. Den var skriven saman med den tidlegare politispanaren Johnny Brenna.

Mostue bur på Jessheim[3] og er utdanna frå Universitetet i Oslo med hovudfag i idéhistorie.[1] Før han vart forfattar på heiltid arbeidde han som redaktør i De norske Bokklubbene.[3]

  • 2005 Gravbøygen våkner Alvetegnet 1, fantasyroman for barn og unge
  • 2006 Nissedreperen Alvetegnet 2, fantasyroman for barn og unge
  • 2007 Krakens gap Alvetegnet 3, fantasyroman for barn og unge
  • 2009 Mørkeboka fantasyroman for ungdom, skriven saman med Matthijs Holter
  • 2010 Historien om vampyrer : fra dødsfiende til superhelt
  • 2010 Den siste magiker I fantasyroman for barn og unge
  • 2011 Den siste magiker del 2: Belz og Ebub fantasyroman for barn og unge
  • 2012 Den siste magiker del 3: Nimrod fantasyroman for barn og unge
  • 2012 Operasjon Helena kriminalroman, skriven saman med Johnny Brenna
  • 2013 Operasjon Føniks kriminalroman, skriven saman med Johnny Brenna
  • 2013 Zombie-Bjarne

Prisar og utmerkingar

[endre | endre wikiteksten]

Referansar

[endre | endre wikiteksten]
  1. 1 2 ««Fakta»». sigbjornmostue.no. Henta 22. Februar 2012.
  2. 1 2 ««Sigbjørn Mostue»». Cappelen Damm. Henta 22. Februar 2012.
  3. 1 2 ««Fakta: Sigbjørn Mostue (36)»». rb.no. 28. august 2006. Henta 22. Februar 2012.
  4. Morten Haugen (7. september 2005). ««Tittel: Gravbøygen våkner Tekst: Sigbjørn Mostue»». barnebokkritikk.no. Henta 22. Februar 2012.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]