Sigmund Løvåsen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Sigmund Løvåsen
Nasjonalitet Norsk
Fødd 16. august 1977 (41 år)
i Trysil
Yrke Forfattar
Periode 2003-
Debut Nyryddinga

Sigmund Løvåsen (fødd 16. august 1977 i Trysil) er ein norsk forfattar. Frå 2012 er han formann i Den norske Forfatterforening.[1]

Løvåsen har gått på forfattarstudiet ved Høgskolen i Telemark - Bø og har deretter studert ved Universitetet i Oslo. Han debuterte i 2003 med romanen Nyryddinga, som han mottok fleire prisar for.

Bjørnsonstipendet 2010 er tildelt ein forfattar det er grunn til å ha betydelege forventningar til. Sigmund Løvåsen har gitt ut tre kritikarroste romanar, og vi ventar i spenning på det som skal kome, sa Randi S. Øgrey, direktør i Bokhandlerforeningen ved utdelinga av prisen. Øgrey la vekt på at årets stipendvinnar er ein stilsikker forteljar som gjennom sine romanar leiar lesaren gjennom eit landskap han kjenner godt.

Samlagets pressemelding om pristildelingen, 31.8.2010

Verkliste[endre | endre wikiteksten]

  • Nyryddinga – roman (2003)
  • Daga – skodespel (2004)
  • Brakk – roman (2007)
  • Mamsell Iversen – roman (2009)
  • Vid din sida – skodespel (2012)

Prisar[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Stian Johansen (26. mars 2012). ««Løvåsen ny leder i Forfatterforeningen»». Bok&Samfunn. Henta 12. april 2012. 
  2. ««Skard-stipend til Sigmund Løvåsen»». Nettstaden til Noregs Mållag. 17. august 2006. Henta 20. august 2013. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]