Hopp til innhald

Sigurd Førsund

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sigurd Førsund
StatsborgarskapNoreg
Fødd20. september 1884
Kyrkjebø kommune, Høyanger kommune
Død

26. november 1970 (86 år)
Bergen kommune

Yrkekomponist, lærar

Sigurd Olsen Vamråk Førsund (20. september 1884–26. november 1970) var ein norsk lærar, diktar, lokalhistorikar, slektsgranskar, bygdebokforfattar, klokkar, organist og komponist. Han komponerte mellom anna melodien til songen «Å Vestland, Vestland».

Sigurd Førsund var fødd på Førsund i Kyrkjebø i Sogn og Fjordane. Han døydde i Arna i Hordaland.