Sigurd Frosterus

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Sigurd Frosterus
Sigurd-Frosterus.jpg
Fødd 4. juni 1876
Asikkala
Død

2. mars 1956
Helsingfors

Sigurd Frosterus på Commons

Sigurd Frosterus (18. juni 18762. mars 1956) var ein finsk arkitekt.

Frosterus tok eksamen ved Tekniska högskolan i Helsingfors 1902 og dreiv saman med arkitekt Gustaf Strengell eit arkitektbyrå 1902–1904. Dei teikna blant anna villa Ekudden (1904), som vart presidentbustad og no er eit museum over Urho Kekkonen.

Frosterus' arbeid tilhøyrer jugendstilen, og han er truleg mest kjent for Stockmanns varehus i Helsingfors (1930), som vart bygd etter at han fekk andreplass i ein arkitektkonkurranse. Andre arbeid er blant anna fleire bustader i Helsingfors, det slottsaktige luksushotellet Vanajanlinna nær Tavastehus, og Nordiska Föreningsbankens (no Nordeas) hovudkontor i Helsingfors.

Frosterus var òg ein aktiv kunstkritikar og mesen. Han planla den finske avdelinga på Göteborgs jubileumutstilling i 1923 og valde ut kunsten til utstillinga. Hans eiga kunstsamling vart etter at han døydde donert til Amos Andersons Konstmuseum i Helsingfors.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]