Silent Pool

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Silent Pool
innsjø
none
Område Surrey

Silent Pool er ein innsjø som får vatn frå ei kjelde på sørsida av North Downs Way[1] nær Albury i Surrey i England. I området er det to innsjøar. Silent Pool er den høgastliggande av desse, medan den andre heiter Sherbourne Pond[2] og vart skapt i 1662. Silent Pool har langt eldre opphav og vert av somme rekna som ein heilag stad. Han er knytt til ei segn som seier at kong Jakob på hesten sin bortførte dottera til ein tømmerhoggar. Ho vart tvungen ut i det djupe vatnet og drukna. I følgje segna kan ein sjå kvinna ved midnatt.

Geologi[endre | endre wikiteksten]

Silent Pool har fått namnet sitt etter det klåre, stille vatnet og den rolege kjensla i området. Det klåre vatnet kjem frå ei kjelde under bakken, der vatnet er filtrert i kalksteinen og får tilført mineral. Dette forklarar den blågrøne fargen på vatnet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. National Trail
  2. Megalithic article

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]