Silje Aker Johnsen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Silje Aker Johnsen
Fødd1982 (42 år)
OpphavNoreg
Instrumentvokal
Stemmetypesopran
Verka somsongar

Silje Marie Aker Johnsen er ein norsk sopran som òg driv med samtidsdans. Ho kan ofte reknast som ein hybridutøvar innanfor scenekunst, i spennet mellom desse to felta.

Aker Johnsen har dei siste åra vore aktiv innanfor samtidsmusikk og kontemporær scenekunst. Særleg har ho utmerka seg med å urframføra ei lang rekkje verk av norske samtidskomponistar, og fekk i 2013 Norsk komponistforening sin pris «Årets utøvar», der mellom anna denne eldhugen er nemnd som grunngjeving.[1] I 2017 vann ho igjen Norsk komponistforening sin pris «Årets utøvar», denne gongen som del av Ensemble Neon.[2]

Som eit av medlema i Ensemble Neon vart ho i 2017 òg tildelt Spellemannprisen for albumet Neon (2016).[3]

Aker Johnsen var i perioden 2014 til 2018 tilsett som stipendiat ved Kunsthøgskolen i Oslo, der ho arbeidde med å utvikla fusjonen mellom sang og samtidsdans vidare.[4] I 2019 tok ho doktorgrad med En søken etter en utvidet fysisk tolkning av vokal samtidsmusikk og av opera.[5][6]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Komponistenes utøver, Ballade.no, henta 1. september 2017 
  2. Årets utøver-pris til Ensemble neoN, Ballade.no, arkivert frå originalen 2. august 2018, henta 2018 
  3. Arkiv, Spellemann.no, henta 1. september 2017 
  4. Silje Aker Johnsen, Kunsthøgskolen i Oslo, arkivert frå originalen 26. august 2017, henta 1. september 2017 
  5. Arts, Kunsthøgskolen i Oslo | Oslo National Academy of the, «Disputas: Silje Aker Johnsen - Kunsthøgskolen i Oslo», www.khio.no (på norsk bokmål), henta 29. august 2019 
  6. «Moss: Silje Aker Johnsen», nyMusikk (på norsk), henta 29. august 2019 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]