Silkefronten

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Silkefront var eit omgrep som vart nytta i Noreg i samband med andre verdskrigen, særleg i samband med landssvikoppgjeret etter 1945. «Silkefronten» var ei gruppe som mente ein ikkje burde gå for hardt fram i rettsoppgjeret. Omgrepet var eit motsvar til «isfronten», dei som ville ha eit strengt oppgjer. «Isfronten» vart òg nytta under krigen om ei fast avvisande haldning mot okkupasjonsmakta og medlemmer av Nasjonal samling.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]