Simon Spies

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Simon Spies
Fødd 1. september 1921
Helsingør
Død

16. april 1984 (62 år)

Yrke forretningsdrivande

Simon Ove Christian Oglivie Spies (1. september 192116. april 1984) var ein dansk forretningsmann. Han stifta reisebyrået Spies Rejser, og er ofte vorte kalla «Danmarks reisekonge».

Liv og virke[endre | endre wikiteksten]

Familiebakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Spies vart fødd inn i ein fattig familie i Helsingør. Far hans, kunstmålaren Willam Spies, var psykisk ustabil og var fleire gonger innlagt i ein psykiatrisk klinikk. Mor hans heitte Emma Spies.

Utdanning og karriere[endre | endre wikiteksten]

Simon Spies var ein strålande begavelse, som frå Københavns Universitet oppnådde å verta både cand.psych. og cand.polit.

Han melde seg i 1942 inn i Danmarks Nationalsocialistiske Arbejderparti, i det føremålet å kunna reisa til Austerrike som den gongen var del av Det stortyske riket og ta seg arbeid der. Han var aldri politisk aktiv innan partiet.

I 1956 starta han firmaet Spies Rejser som med tida voks og enda med å verta den største turoperatøren i landet av charterreiser og pakketurar. I 1965 kjøpte Spies opp det konkursramma danske charterselskapet Flying Enterprise som var vorte starta i 1959. Dette vart byrjinga på hans eige charterselskap Conair.

Spies er i dag Danmarks største charterturoperatør og ein del av konsernet Thomas Cook Group, no TUI.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Ole Kirchert Christensen (23. januar 2017). «Spies og TUI mister markedsandele». CHECK-IN.dk. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]