Sindi
- For andre tydingar av oppslagsordet, sjå språket sindi.
Sindi | |||
by | |||
|
|||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Fylke | Pärnu maakond | ||
Areal | 5,02 km² | ||
Folketal | 3 836 (1. januar 2024)[1] | ||
![]() Sindi 58°24′11″N 24°38′52″E / 58.403055555556°N 24.647777777778°E | |||
Wikimedia Commons: Sindi |
Sindi er ein by i Pärnu maakond i Estland med om lag 4000 innbyggjarar. Han ligg 14 km frå Pärnu.
Sindi ligg på venstrebreidda av Pärnuelva, mellom elva og våtmarksområdet Lanksaare.
Historie
[endre | endre wikiteksten]I området der Sindi ligg i dag låg den første kjende busetnaden i Estland, Pulli, frå rundt 8500 f.Kr. Han vart oppdaga av geologar i 1965. Busetnaden eksisterte truleg berre ei kort stund, sidan området seinare vart dekt av vatn. Som eit myrlendt område sidan har område vore stort sett folketomt til 1500-talet.
Byen er kalla opp etter Clauss Zindt, ein borgarmeister i Pärnu i 1565, som bygde eit våningshus (Zintenhof) der byen i dag ligg. Busetnaden voks opp i 1833 rundt ein tekstilfabrikk eigd av godseigaren. Han vart offisielt ein kommune i 1921 og ein by i 1938.
Viktig for utviklinga av byen var jernbanelinja som kom hit i 1928. Denne linja vart lagt ned i 1970.
Galleri
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ 1,0 1,1 1,2 1,3 https://andmed.stat.ee/en/stat/rahvastik__rahvastikunaitajad-ja-koosseis__rahvaarv-ja-rahvastiku-koosseis/RV0240; vitjingsdato: 1. september 2024.
- Denne artikkelen bygger på «Sindi» frå Wikipedia på engelsk, den 8. april 2009.