Kurvesektor

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Sirkelsektor)
Den grøne delen er ein sektor av sirkelen

Ein kurvesektor er i plangeometri ein del av planet som er avgrensa av ei gjeven kurve C og to rette linjer frå eit punkt P, som er toppunktet til sektoren. Omgrepet sektor vert særleg nytta når kurva er ein sirkel og P er sentrum i sirkelen, noko som òg vert kalla ein sirkelsektor (kakestykke). Viss ein sirkel er delt opp i åtte delar, består han av åtte sektorar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

«sirkelsektor» i Store norske leksikon, snl.no. «sektor (matematikk)» i Store norske leksikon, snl.no.