Sit

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Sit
elv
Sit.jpg
Land Flag of Russia.svg Russland
Nedslagsfelt 1 900 km²
Lengd 159 km
Middelvassføring 13,4 /s
Munning Volga

Sit (russisk Сить) er ei elv i Tver og Jaroslavl oblast i Russland og ei av sideelvane til Volga frå venstre. Elva er 159 km lang og har eit nedslagsfelt på 1 900 km². Elva har ei middelvassføring på 13,4 m³/s.

Kjelda til Sit er nær Bezjetskogo-toppen nær landsbyen Saburovo. Sit munnar ut i Volga via Rybinsk-reservoaret. Før reservoaret vart bygd var Sit ei sideelv til Mologa. Ved munningen ligg landsbyen Brejtovo.

Sit er islagd frå slutten av november til april. Den nedre delen av elva er eit populært område for rekreasjon og fiske.

Nær Brejtovo stod det kampar mellom tatarar og mongolane i 1238, kjend som slaget ved Sit.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]