Sivert Kobro

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Sivert Reidar Kobro (12. mars 194020. august 2006) var ein norsk forleggar, reklamemann og gründer i hovudjegerbransjen. Han var på 1970-talet administrerande direktør i reklamebyrået McCann-Ericsson, styreleiar i Institutt for marknadsføring og administrerande direktør i Nordisk Forlag som utgav m.a. vekeblada Alle Menn, Alle Kvinner og Express.[1] Seinare var han leiar for Pocketbokforlaget og redaktør for mjukpornobladet Foxtail.[2] Han starta seinare Search, Noregs største hovudjegerfirma på den tida.[3]

I 2006 skaut Kobro kona si Anne Grethe Solberg med haglegevær då han skulle underteikna skilsmissepapira, før han sjølv utførte sjølvmord. Ho overlevde drapsforsøket, men fekk store skadar og mista ein arm. I 2015 gav Solberg ut boka Et helt menneske i en halv kropp (Cappelen Damm) om historia si.[4]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Aftenposten. 24. april 1979. 
  2. Rogalands Avis. 18. juli 1992. 
  3. «Sivert Kobro (nekrolog)». Aftenposten. 11. september 2006. s. 14. 
  4. Anne Grethe Solberg: Et helt menneske i en halv kropp. Cappelen Damm, 2015.