Hopp til innhald

Sjtip

Sjtip
Штип
Tradisjonell makedonsk arkitektur i Sjtip
Tradisjonell makedonsk arkitektur i Sjtip
Tradisjonell makedonsk arkitektur i Sjtip
Byvåpenet til Sjtip
Byvåpen
Land
Statistisk region
Nord-Makedonia
Aust
Flatevidd 13,5 km²
Flatevidd
  By

583,24 km²
Innbyggjarar[1]
  By (2021)
   - folketettleik

44 866
  76,93/km²
Koordinatar 41°44′15″N 22°11′37″E / 41.73750°N 22.19361°E / 41.73750; 22.19361
Høgd 240 m
Tidssone CET (UTC+1)
Postnummer 2000
Retningsnummer +389 32
Bilnummer ŠT
Nettstad: stip.gov.mk
Plasseringa til Sjtip i Nord-Makedonia
Plasseringa til Sjtip i Nord-Makedonia
Plasseringa til Sjtip i Nord-Makedonia

Sjtip (makedonsk Штип) er ein by og ein kommune i regionen Aust i Nord-Makedonia, den største byen i den austlege delen av Nord-Makedonia.

Kommunen har eit areal på 583,24 km² og hadde 44 866 innbyggjarar ved folketeljinga i 2021.

I 2021 hadde kommunen 44 866 innbyggjarar, medan sjølve byen hadde 42 000 innbyggjarar.[1] Om lag 90 % av innbyggjarane er makedonarar.

Sjtip ligg der dalane Lakavitsa, Ovtsje Pole og Kotsjani møter kvarandre. Byen har eksistert i minst 2000 år. Dei to elvane Bregalnitsa og Otinja renn gjennom sentrum av byen. Åsen Issar med ei festning frå tidleg mellomalder på toppen ligg ruvar over byen, som ofte vert kalla «Byen under Issar».

Dei omliggande områda har lide på grunn av avskoging og dette har ført til lokale klimatiske endringar. Temperaturane om sommaren har vorte høgare (40 °C er ikkje uvanleg) og vintrane har vorte kaldare.

Sjtip er eit kulturelt og økonomisk senter i austlege delar av Nord-Makedonia og er den største tekstilprodusenten i landet. I tillegg har han eit universitet, Gotse Deltsjev universitet i Sjtip.

Busetnader i kommunen

[endre | endre wikiteksten]

Dei største busetnadene i kommunen var:

BusetnadFolketal 2002[2]Folketal 2021[1]
Sjtip43 65242 000
Tri Tsjesjmi1 065947
Star Karaorman911924
Tsjardaklija922262
Seltse i Sjtip[Seltse169140

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]

Referansar

[endre | endre wikiteksten]