Skåling
Skåling inneber vanlegvis at personar som drikk tek drikkekara sine og fører dei mot kvarandre, eventuelt i lag med eit fast formula (som skål!) eller ei spesiallaga utsegn. Måten å skåla på skil seg frå land til land.
Bruk og variantar
[endre | endre wikiteksten]Ei skål kan innebera at deltakarane hever glasa og ser kvarandre i auga. Ofte let ein overdelen av glaset røra det til ein medskålar. Av og til seier dei som skåler det særskilde dei skåler for. Deretter kan dei seia «Skål!» einstemmig og drikka. I dei nordiske landa er skikken at ein deretter skal sjå kvarandre i augo igjen før ein set glasa frå seg.
Ein kan utføra ei kongeskål ved ulike tilhøve, men ved offisielle middagar der kongen eller ein annan kongeleg deltek, som Nobelbanketten, blir han alltid utført. Alle som tek del i middagen skal då reisa seg. Den som skåler seier i Sverige «Hans Majestät Konungens skål», og dei andre svarar «Konungen». Deretter løfter ein glaset sitt og drikk. Det hender at dei som går inn for republikk ikkje skålar for kongen.
Sjå òg
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Skål (gest)» frå Wikipedia på svensk, den 13. oktober 2019.
- Wikipedia på svensk oppgav desse kjeldene:
- 3. Skål i Nordisk familjebok (2:a upplagan, 1917)
- Skålseder i Nationalencyklopedins nätupplaga.