Skallefjorden

Koordinatar: 58°14′2.1408″N 8°21′10.645″E / 58.233928000°N 8.35295694°E / 58.233928000; 8.35295694
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

58°14′2.1408″N 8°21′10.645″E / 58.233928000°N 8.35295694°E / 58.233928000; 8.35295694 Skallefjorden er ein liten fjord i Lillesand kommune, like sør for sjølve Lillesand. Han ligg vest for Skauerøya, aust for Blindleia og nord for Justøya. Fjorden har to innløp, Asperøysund og Dyttesund, som ligg på kvar si side av Asperøya. Fjorden strekker seg 2 km nordvestover og inn Sangereidkilen, like sørvest for Lillesand. Ved Grønnaviga går Blindleia vidare sørvestover på nordvestsida av Justøya.