Skardhøgd

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Skardhøgda («primærfaktor») til toppen B blir målt mot C fordi den vertikale avstanden ein må ned for å nå C er mindre enn til den meir nærliggande og høgare toppen A.

Skardhøgd (òg primærfaktor, prominens) er den minste vertikale avstanden (høgdeskilnaden) ein må gå ned frå ein topp for å starte oppstigninga til det næraste høgare punktet. Skardhøgda er er dermed eit mål på kor mykje ein fjelltopp hevar seg i høve til terrenget omkring.

Ein topp kan definerast som eit punkt der ikkje kan gå oppover, berre anten rett bortover eller nedover. Eit praktisk problem med dette er at kvar stein då kan bli eit toppunkt. Difor er det vanleg å definere fjelltoppar som toppunkt med ei skardhøgd på minst 50 meter, av og til 30 eller ti meter. Til dømes er Keilhaus topp, med 2355 moh. et av dei høgaste punkta i Noreg, sjeldan å sjå på lister over dei høgaste fjella i Noreg sidan skardhøgda mot Galdhøpiggen berre er ca. 20 meter.

På engelsk nyttar ein omgrepet Parent Peak (om lag «forelder-topp») for det fjellet som definerer skardhøgda. Parent Peak for Keilhaus topp er Galdhøpiggen, medan det for Galdhøpiggen er Tatrafjella i Polen.

Det lågaste punktet mellom toppen og Parent Peak når ein heile tida følgjer høgste åskam vert kalla salpunkt (engelsk: Saddle). For Galdhøpiggen ligg salpunktet aust for AustersjøenKvitesjø-kanalen, 97 meter over havet. For Vesle Galdhøpiggen er sjølve Galdhøpiggen Parent Peak, og Porten er salpunktet mellom dei, 150 meter nedanfor Veslepiggen.

I Noreg går det sport i å samle på 2000-meterar; altså å gå flest mogeleg toppar med høgde 2000 meter eller meir. Det er 194 toppar med ei skardhøgd på minst femti meter, 230 på minst tretti meter og over 300 på minst ti meter.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]