Skatt i Noreg
I Noreg skattar ein prosent av inntekt og av formue. Det er mange fråtrekk i inntekta før ein kjem til det som er skattbar inntekt. I Noreg var skatteprosenten i 2008 på inntekt 28, både for private og bedrifter. Inntekt over 420 000 kroner for privatpersonar blir skattlagt med 37% og inntekt over 682 500 blir skatta 40 %.[1]
Formuesskatten i Noreg i 2008 var på 0,9 prosent for formuar mellom 220 000 og 540 000. Formue over 540 000 blir skattlagt med 1,1 prosent[2]
Personskatten går til stat, fylke og kommune etter ei fordeling som blir fastsett i statsbudsjettet. Skatten går til å finansiere offentlege velferdsordningar og andre tiltak som det offentlege står ansvarleg for. I tillegg til skatt betaler dei fleste mange andre avgifter som går inn i statskassa. Mange næringar har spesielle skatteregime. Dette gjeld til dømes petroleumsnæringa og reiarlaga. Den einaste skatten kommunane sjølv avgjer om dei vil skrive ut er eigedomsskatten. I 2006 hadde 63 prosent av kommunane innført eigedomsskatt på bustader. Alle kommunane hadde eigedomsskatt på «verker og bruk».[3]
Rettsgrunnlag
[endre | endre wikiteksten]Folket sin rett til sjølv å fastsetje sine skattar er eit grunnleggjande prinsipp i eit demokrati. I Noreg er dette prinsippet nedfelt i Grunnloven § 75 bokstav a:
- «Det tilkommer Storthinget (...) at paalægge Skatter, Afgifter, Told og andre offentlige Byrder, som dog ikke gjælde udover 31te December i det næst paafølgende Aar, medmindre de af et nyt Storthing udtrykkelig fornyes.»[4]
Skattar, avgifter og toll blir vedteke av Stortinget for eitt år om gongen gjennom dei årlege skatte-, avgifts- og tollvedtaka (plenarvedtak).[5] Stortinget må dermed kvart år ta stilling til om det er ynskjeleg å endre skatte- og avgiftsopplegget. Det kviler i utgangspunktet ingen andre avgrensingar på Stortinget si skattleggingsmyndigheit enn dei som følgjer av Grunnloven. Forbodet mot tilbakeverkande lover i Grunnloven § 97 er eit døme på ei slik avgrensing.[6]
Meir detaljerte skattereglar er gitt i ei rekkje lover med tilhøyrande forskrifter. Sentrale lover er mellom anna Skattelova, Folketrygdlova, Arveavgiftslova, Eigedomsskattelova, Meirverdiavgiftslova, Særavgiftslova og Tollova.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ http://www.regjeringen.no/nn/dep/fin/Tema/Skattar-og-avgifter/Skattesatser-2008.html?id=485575
- ↑ http://www.regjeringen.no/nn/dep/fin/Tema/andre/Bedrifts--og-kapitalbeskatning/Formuesskatt.html?id=449717
- ↑ arkivkopi, arkivert frå originalen 13. oktober 2007, henta 18. september 2010
- ↑ Grunnloven § 75
- ↑ Stortingsvedtak
- ↑ Zimmer, Frederik (2009). Lærebok i skatterett (6 utg.). Oslo: Universitetsforlaget. s. 35-38. ISBN 9788215015897.