Skeiv ungdom

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Skeiv ungdom i opptog.

Skeiv Ungdom er ein partipolitisk uavhengig ungdomsorganisasjon for homofile, bifile, trans og andre skeive ungdommar under 30 år.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Skeiv Ungdom vart stifta den 6. august 2004 på Utøya i Buskerud etter å ha fungert som eit ungdomsutval under Landsforeningen for lesbiske, homofile, bifile og transpersoner (LLH).

Prosjekt[endre | endre wikiteksten]

Jafnaðr – Queer Youth Festival er Skeiv Ungdom sin årlege sommarfestival. Jafnaðr vart for første gong arrangert i 2005, men ein forlaupar er sommararrangementet Homoøya som Ungdomsutvalget i LLH hadde første gongen i år 2000. Ordet Jafnaðr stammar frå norrønt og viser til likeverd.

Ungdomstelefonen (UT) er ein landsdekkande telefon-, chat- og meldingsteneste for unge skeive. Ungdomstelefonen er i mange tilfelle den førse kontakten skeive ungdommar får med andre skeive, men telefonen vert også nytta av andre som treng skeive råd slik som til dømes helsesystre.

Restart er eit program brukt mellom anna i skular og for konfirmantar. Ein ser på kva for mekanismar i samfunnet som fører til at nokon vert diskriminert.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]