Skelleftehamn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Koordinatar: 64°41′33″ N 21°13′25″ E Skelleftehamn er ein tettstad i Skellefteå kommun 15 kilometer frå Skellefteå stad. Det er eit samfunn som er bygd omkring hamna og Rönnskärsverken. Skelleftehamn blei grunnlagt i tilknyting til sistnemnde industri i 1928 og fekk namnet sitt i 1933. Fram til 1912, då jernbanesambandet til staden blei bygd og fleire menneske busette seg her, fanst ein fiskarhamn som heitte Kallholmen. Jernbanen, som strekker seg til Bastuträsk, har i dag berre godstrafikk.

Den lokale fotball- og innebandyklubben heiter Rönnskär Railcare IF. I nærliggande Klemensnäs finst idrettsforeininga Clemensnäs HC, som vert rekna som lokal hockeyklubb òg for Skelleftehamn.

På staden finst eit Folkets Hus med kino, ei båthamn, to skuler der ein er på høgskulenivå og eit aktivitetshus med bowling, gym og sportshall. Dei største arbeidsgjevarane er, forutan Rönnskärsverken, Utternbåtar, Kuusakoski og Railcare.

Kjende personar som er fødd på staden[endre | endre wikiteksten]

Kuriositet[endre | endre wikiteksten]

  • Artisten Brolle jr, som er fødd i Norrland, har ei hytte på ei lita øy utanfor Skelleftehamn.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]