Skihopping

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Ein skihoppar i aksjon

Skihopping er ein vinteridrett som går føre seg i ein hoppbakke. Han høyrer til dei nordiske greinene. Utøvaren startar med å køyre ned eit overrenn, gjerne frå eit stillas, og ut på eit rampeliknande hopp. Her tar utøvaren sats og prøver å sveva så langt nedover unnarennet som mogleg før nedslaget (landinga). Landinga skal helst bli utført med eit telemarknedslag, kor utøvaren bøyer i knea med den eine skien ført framover. Denne teknikken blei tidlegare brukt for å kunne stoppa ein ubalanse framover eller bakover. Nå hindrar sko og bindingar i stor grad dette.

Skihopparen får poeng etter kor langt ned i bakken han hoppar, og etter kor god stil han får. Skihopping kan vere både ein individuell konkurranse og ein lagkonkurranse, såkalla laghopping. Dessutan inngår skihopping som ein av to konkurransar i kombinert.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Skihopping
Spire Denne idrettsartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.