Skillefjorden
Hopp til navigering
Hopp til søk
Skillefjorden (samisk Skirvi) er ein fjordarm av Altafjorden i Alta kommune i Finnmark. Fjorden strekkjer seg 4,5 km austover til grenda Fjordbukta i botn av fjorden.
Fjorden har innløp mellom Johkaluokta i nord og Ytre Skillefjordneset i sør. I tillegg til Fjordbukta finn ein garden Jorva på nordsida heilt inst i fjorden og Skillefjordnes på sørsida heilt ute. Riksveg 883 går langs begge sider av fjorden.