Skipsfjorden i Dønna

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Koordinatar: 66°10′5.8080″N 12°38′57.782″E Skipfjorden er ein fjordarm av Stifjorden i Dønna kommune i Nordland. Fjorden ligg mellom sjølve Dønna i vest og øya Løkta i aust og har ei lengd på 5,5 km.

I nord startar fjorden mellom Vardhaugneset på Dønna og Jordfastholmen på Løkta. Bygda Glein ligg på vestsida av fjorden. I sør endar fjorden mellom Gullsneset i vest og Kopardal i aust. Frå Kopardal går det ferje sørover til Bjørn.

Fv186 går langs vestsida av fjorden.