Skolopender

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Skolopenderar
Centipede.jpg
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Underrike: Bilaterale dyr Bilateria
Infrarike: Protostomia
Overrekkje: Ecdysozoa
Rekkje: Leddyr Arthropoda
Underrekkje: Mangefotingar Myriapoda
Klasse: Skolopenderar Chilopoda
Latreille, 1817

Skolopendrar eller enkeltføtingar (Chilopoda) er ei gruppe (klasse) mangefotingar. Dei er aktive jegerar som fangar byttet sitt med kraftige giftkjertlar, og lever på landjorda over heile verda. Gruppa vert delt i fem ordenar som til saman omfattar rundt 3 300 beskrivne artar. I Norden har ein funne 38 av dei, i fire ordenar.

Kjenneteikn[endre | endre wikiteksten]

Skolopendrane er avflata ovanifrå og vert kjenneteikna ved ein lang, segmentert kropp med eit hovud, eit kjevefotsegment, ein del kroppssegment og eit endesegment. Kvart kroppssegment ber eit einskild par bein, noko som avhengig av art og alder gjev dyra mellom 15 og 181 par bein. I Norden har ein ikkje funne eksemplar med meir enn 83 par.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Skolopender
Spire Denne biologiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.