Skomvær-aksjonen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Skomvær-aksjonen var ein insamlingsaksjon som NRK sette i gang i 1960 med mål i finamnsiere ei redningsskøyte. Initiativet til innsamlinga vart teken av Erik Bye under ei radioprogram julaftan 1959.

Målet var først å få bygt ei 55 fots redningsskøyte. Under vegs i innsamlinga vart målet endra til eit 87 fots fartøy av same type som RS «Håkon VII» (RS 61). Kringkastingssjef Kåre Fostervoll underteikna byggekontraken med Stord Verft A/S. Ein stor del av dei innsamla midlane kom inn ved sal av andelsbrev på kr 5 pr. stykke. Det vart motteke gåver frå utstyrsfirma for ein verdi på til saman 300 000 kroner.

Skøyta, RS «Skomvær II» (RS 66), vart overlevert til Redningsselskapet 11. juni 1960

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Bjørn Foss: Fra seil til vannjet (Norsk Maritimt Forlag, 2002).