Skotterud Idrettslag

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Skotterud Idrettslag er eit idrettslag heimehøyrande på Skotterud i Eidskog kommune. Idrettslaget vart stifta 10. juni 1906. Skotterud-laga spelar i kvite trøyer.

Skotterud IL har vore aktivt innom friidrett, ski og fotball. Diskoskastaren Johan Trandem deltok i Sommar-OL 1928 og enda på åttandeplassen. Tidlegare vart han norsk meister i diskoskasting så vel som kulestøyt. Langdistanseløparen Grete Kirkeberg var medlem av laget til 1982.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]