Skouries-gruva

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Skouries-gruva
gruve
Skouries July 2013.JPG
Land Flag of Greece.svg Hellas
Provins Sentral-Makedonía
Eigar Eldorado Gold

Skouries-gruva
40°28′21″ N 23°42′12″ E

Skouries-gruva er ei gull- og kopargruve i Khalkidikí i Sentral-Makedonía nord i Hellas. Ho er under utvikling av det kanadiske føretaket Eldorado Gold som ei kombinert dagbrot- og sjaktgruve.[1]

Skouries er ein førekomst av gull-kopar-porfyr i det serbisk-makedonske massivet i nordaustlege Hellas.[2]

Utbygging[endre | endre wikiteksten]

Utbyggingsplanen for Skouries har to fasar:

Fase 1 (2019-2027)

Fase 1 omfattar ei blanding av dagbrot og gruvegraving i 9 år, med ein planlagt totalproduksjon på 1,4 millionar ounce (nær 40 tonn) og 620 millionar pound (ca. 280 000 tonn) kopar.

Fase 2 (2028-2042)

Fase 2 omfattar gruvedrift under jorda i 15 år etter avsluttinga av fase 1. I faste 2 venter ein å produsera 1,7 millionar ounce gull og 850 millionar pound kopar.

Motstand mot gruvedrifta[endre | endre wikiteksten]

Mange lokale innbyggjarar har motsett seg utbygginga av gruva, som dei meiner kan ha stor påverknad på miljøet, turisme og landbruk i området. Folk har demonstrert mot gruva i fleire år, og stengt nasjonale vegar, men utbygginga har fortsett.[3]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Skouries». eldoradogold.com. 2017. Henta 16. februar 2017. 
  2. «Skouries». eldoradogold.com. 2017. Henta 16. februar 2017. 
  3. Tsavdaroglou, C., Petrakos, K. and Makrygianni, V. (2017). The Golden “Salto Mortale” in the Era of Crisis: Primitive Accumulation and Local and Urban Struggle in the Case of Skouries Gold Mining in Greece. City, 21(3-4), 428-447.