Skrivemaskin

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Mekanisk skrivemaskin «Lettera 22» av det italienske merket Olivetti.
Mekanisk skrivemaskin med dekslet fjerna, slik at ein ser typane liggjande i utgangsstilling. Alle råker papiret på det same punktet, og det gjeld å ikkje slå ned to tastar samstundes. Fargebandet er tofarga, slik at ein kan velje raud eller svart skrift.
Elektrisk skrivemaskin med kulehovud, IBM Selectric.

Skrivemaskin er ei maskin som mekanisk eller elektromekanisk set avtrykk av bokstaver ned på eit ark papir i den rekkefølgja det vert trykka ned tilsvarande tastar på maskina. Avtrykka av bokstavane på papiret vart gjort ved hjelp av typar (oppheva bokstavar i metall) som slo mot eit band med farge på, vanlegvis svart, som låg mellom typane og papiret, og vart drege over frå ei spole på eine sida av maskinen til ei spole på andre sida. Papirarket ligg som ein U over ei valse av hard gummi, og vart halde inntil valsa ved hjelp av små valser og eit fjørsystem. Ved å leggje fleire ark over valsa med karbonpapir mellom, tynt papir med eit fargesjikt på eine sida, kunne ein få fleire eksemplar av det same skriftet.

Typane på dei eldre mekaniske og elektromekaniske maskinene var festa til kvar sine arm, som var kopla til den samsvarande tasten på tastaturet. Det var ein stor og ein liten bokstav, eller to ulike teikn, over kvarandre på same armen, og ein veksla til den store bokstaven eller det andre teiknet ved å trykke på ein tast som endra høgda på hele mekanismen, slik at den store bokstaven eller det andre teiknet råka papiret på same staden som den tilsvarande vesle bokstaven elles ville ha gjort. Med ein eigen tast kunne dette låsast, slik at maskina berre skreiv store bokstavar, altså ikkje ulikt prinsippet på dagens datamaskinar. På dei mest moderne elektromekaniske maskinene var alle typane anten festa på ein sylinder, på ei kule som vart kalla kulehovud, eller langsetter randa på eit typehjul. Maskina stilte dei automatisk i rett posisjon og slo bokstaven inn mot fargebandet og arket.

På dei maskinene som typane var festa til armar, var gummevalsen med papirarket en del av ei såkalla vogn som flytta seg sidelengs mot venstre etter kvart som linja vart skrive, og som måtte attende til høgre når neste line skulle skrivast. Den som skreiv, gjorde dette manuelt samstundes som valsa då vende litt på seg så arket låg klart til at neste line kunne skrivast, eller maskina kunne syte for dette sjølv dersom ho var elektromekanisk. Men på maskiner med typesylindar, kulehovud eller typehjul, var det dei som flytta seg mot høgre etter kvart som tekstlina vart skrive, og deretter gjekk attende til venstre, samstundes som valsa dreidde seg så arket kom i rett posisjon for skriving av neste line.

No er skrivemaskiner så godt som totalt erstatta av datamaskinar, anten teksten skal ned på papir eller verte verande som elektronisk og maskinlesbar. Men sjølve oppsettet for bokstavane på tastaturet på ein datamaskin er i hovudsak det same som det var på skrivemaskinene.