Skrueuttrekkjar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Skrueuttrekkjarar i ulike dimensjonar
Ein fingjenga skrueuttrekkjar.

Ein skrueuttrekkjar (òg kalla skrueutdragar og skrue-ekstraktor) er ein reiskap som vert brukt for å få ut skruar dersom skruen er knekt eller skruehovudet er øydelagt.[1] Verktøyet er òg kjent under den folkelege nemninga «grisepikk».[2]

Skrueuttrekkjaren er ein tilspissa spesialskrue med linksgjenge, venstregjenge (etter tysk link, som tyder venstre), det vil seia at gjenga går motsett veg av det som er vanleg på skruar. Skrueuttrekkjaren er tynn ytst, og vert gradvis tjukkare. Dei finst i ulike storleikar, og vert ofte selde i sett med ulike standarddimensjonar.

Når ein brukar ein skrueuttrekkjar borar ein først eit tynt hol midt i skruen ein skal ha ut. Deretter skrur ein skrueuttrekkjaren inn i holet. Sidan han er linksgjenga, vil han verta trekt stadig hardare til i holet, heilt til skruen lausnar og kan skruast ut. Holet ein borar må vera stort nok til at uttrekkjaren entrar og får skikkeleg tak, men samstundes klårt mindre enn skruen. I praksis tyder det at metoden er lite eigna for svært små skruar. For skruar med tjukkleik 6 mm eller meir kan ein nytta skrueuttrekkjar. Svært ofte skjer det at skrueuttrekkjaren brotnar inne i skrueholet dersom skruen er fastrusta, og ein brukar mykje makt (>300 nm).

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Bergland, Håvard (1994). Montering og reparasjonsteknikk. Oslo: Universitetsforl. s. 74. ISBN 8200412830. 
  2. Hvordan få ut ødelagte skruer?; dinside.no, 22.1.2011