Slaget om Kollaa

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Slaget om Kollaa
Del av Vinterkrigen
Kollaan-taistelut-maalis-1940.png
Kart
Dato 7. desember 1939 til 13. mars 1940
Stad Kollaanjoki i Finland
Resultat Finnane heldt forsvarslina
Partar
Flag of Finland.svg Finland Sovjetunionen Sovjetunionen
Kommandantar
Woldemar Hägglund]]
Antero Svensson
Styrkar
11nbsp;000 soldatar, 1 divisjon og nokre mindre einingar 4 divisjonar og ein stridsvognsbrigade

Slaget om Kollaa starta 7. desember 1939 og vart avslutta 13. mars 1940 i finsk Karelen], som ein del av vinterkrigen. Sjølv om de finske forsvararane var sterkt underlegne dei sovjetiske angriparane, klarte den finske 12. divisjon å stoppe dei sovjetiske styrkane. Dei sovjetiske styrkane var berre budd på framrykking langs vegar, og det var svært få vegar i dette området. Langs dei vegane som fanst, hadde finnane sterke defensive stillingar.

Finnane greidde å stanse dei sovjetiske styrkane, men det kosta dei ein høg pris. Kampane ved Kollaa helt fram heilt til våpenkvila vart underteikna. Dei finske styrkane var nær samanbrotet mot slutten, dei forlet stillingane sine 12. mars, men gjennomførte eit motåttak den 13. mars og tok stillingane att. Den kjende finske skarpskyttaren Simo Häyhä gjorde teneste ved Kollaa.

Slagets gang[endre | endre wikiteksten]

Den 30. november 1939 kryssa den sovjetiske 56. divisjon grensa ved Suojärvi og snudde deretter sørvest mot Kollaa, med målet å komme bak hovudforsvarslina til finnane, nord for Ladogasjøen. Finnane, som ikkje hadde rekna med ein sovjetisk offensiv i dette området, var talmessig underlegne, og måtte trekke seg attende til Kollaanjoki. Her valde dei å ta opp kampen, og oppretta ei forsvarsline langs elva.

Den 7. desember gjekk dei sovjetiske styrkane til åtak på dei finske troppane i Kollaalina for første gong. Åtaket vart mislykka, og mellom desember og mars prøvde russarane gong på gong å bryte igjennom dei finske linene ved Kollaa. Kvar gong klarte finnane å forhindre eit gjennombrot her, på tross av at sovjetisk artilleri og infanteri støtta av stridsvogner påførte dei store tap.

Eit kjent sitat frå slaget om Kollaa er spørsmålet til generalmajor Woldemar Hägglund: «Vil Kollaa-lina halde stand? (Kestääkö Kollaa?)», og svaret frå Aarne Juutilainen: «Kollaa held stand (Kollaa kestää) inntil vi får ordre om å trekkje oss attende.»

Den finske forsvarslina var nær ved å kollapse då dei finske troppane forlet hovudstillingane langs Kollaanjoki den 12. mars, men dei utførte et motangrep mot de sovjetiske troppene den 13. mars. Tapa var omkring 1 000 falne på finsk side, mens over 8 000 sovjetiske soldatar fall i dei harde kampane om forsvarslina.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]