Sleepy John Estes

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sleepy John Estes

Fødd25. januar 1899(1899-01-25) eller 1900
FødestadRipley i Tennessee i USA
Død5. juni 1977 (78 år)
DødsstadBrownsville i Tennessee
FødenamnJohn Adam Estes
AliasSleepy John Estes
OpphavUSA
Aktiv1929–1977
SjangerCountryblues, blues
InstrumentVocals, gitar
Tilknytte artistarYank Rachell, Hammie Nixon
PlateselskapBluebird, Delmark
Verka somsongar-låtskrivar, bluesmusiker, gitarist, plateartist

John Adam Estes (25. januar 18995. juni 1977)[1][2] kjend som Sleepy John Estes, var ein USA-amerikansk bluesgitarist, låtskrivar og vokalist.

Estes mista synet på høgre auga då ein ven kasta ein stein på han.[2] 19 år gammal byrja han å spele profesjonelt, ofte i lag med Hammie Nixon på munnspel og James «Yank» Rachell, ein gitarist og mandolinist. Estes spelte av og på med begge desse musikarane dei neste femti åra. Estes gjorde den første innspelinga si i 1929 i Memphis i Tennessee for Victor Records.[2] Han spelte inn songane «Drop Down Mama» og «Someday Baby Blues» med Nixon i 1935. Han arbeidde seinare med Son Bonds og Charlie Pickett.[3] Seinare spelte han òg inn for Decca Records og Bluebird Records før andre verdskrigen.[2] Han var attende i studio i Sun Studio i Memphis i 1952, og spelte inn «Runnin' Around» og «Rats in My Kitchen», men var elles lite aktiv i 1940- og 1950-åra.

Estes døydde av slag då han førebudde ein europeisk turné 5. juni 1977 i heimen sin i Brownsville i Tennessee.[2][4][5]

I 1991 vart Estes innlemma i Blues Hall of Fame.[4]

Album[endre | endre wikiteksten]

  • Sleepy John Estes, 1929–1940 (RBF Records)
  • Complete Recorded Works 1929–1941, vols. 1 and 2 (Document)
  • I Ain't Gonna Be Worried No More 1929–1941 (Yazoo)
  • The Legend of Sleepy John Estes (Delmark, 1963)
  • Broke and Hungry (Ragged and Dirty, Too) (Delmark, 1964)
  • Electric Sleep (Delmark, 1968)
  • Brownsville Blues (Delmark, 1965)
  • Down South Blues (Delmark)
  • Sleepy John Estes in Europe (Delmark, 1999)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Eagle, Bob; LeBlanc, Eric S. (2013). Blues: A Regional Experience. Santa Barbara, California: Praeger. s. 239–240. ISBN 978-0313344237. 
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 2,4 [1] Arkivert 18. januar 2009 ved Wayback Machine.
  3. Russell, Tony (1997). The Blues: From Robert Johnson to Robert Cray. Dubai: Carlton Books. s. 110. ISBN 978-1-85868-255-6. 
  4. 4,0 4,1 «Sleepy John Estes». Tennessee Encyclopedia of History and Culture. Arkivert frå originalen 16. april 2009. Henta 16. desember 2008. 
  5. Norris, Sharon (2000). Haywood County Tennessee. Black America Series. Mount Pleasant, S.C.: Arcadia Publishing. ISBN 978-0-7385-0605-0. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Sleepy John Estes