Slingrekjøl

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Ein slingrekjøl.

Slingrekjøl er ein kjøl som vert nytta til å redusere slingringa på eit skip. Det er ei kring 20-50 cm stålplate som stikk ut frå slaget på midtpartiet på eit skip, over kring halvparten av skipslengda. Slaget er den runda overgangen mellom botnen og sida på skipet. Slingrekjølane skrånar kring 45 grader ut og ned.

Trass i at dei går på langs av skipssida, medverkar dei til noko auka friksjon som hindrar framoverrørsla.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]