Sneis

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Sneis er ei gamal mengdeeining som tilsvarer 20 einingar eller stykk. Ordet sneis kjem frå det norrøne sneis, som tyder 'pinne' eller 'tynn kvist'. Sneis tydde opphavleg mengda av noko som er trædd inn på ein pinne.

Døme på bruk:

  • ei(t) sneis år - om lag tjue år
  • ei(t) sneis egg - tjue egg

Avleidde storleikar:

  • skokk - tre sneis - 60
  • øll - fire sneis - 80
  • stort hundre - seks sneis - 120

Snesland[endre | endre wikiteksten]

Snesland har vore i bruk som kvadratmål i Dalarna i Sverige. Før 1665 utgjorde eitt snesland 9 bandland eller 324 kvadrat-alner. Etter 1665 vart det vanleg å definere eit snesland som 10 bandland eller 340 kvadratalner. I Sverige samsvarde dette med 1/40 tønneland eller om lag 126,9 m². Eit snesland samsvarde dessutan med 1/10 kistland eller 1/20 spannland.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]