Snezjnaja

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Snezjnaja
elv
Snegnaia.jpg
Land Flag of Russia.svg Russland
Nedslagsfelt 3 020 km²
Lengd 173 km
Middelvassføring 80 /s
Kjelde Khamar-Daban
 - høgd 2 300 moh.
Munning Bajkalsjøen
Wikimedia Commons: Snezhnaya River

Snezjnaja (russisk Снежная) er ei elv i Burjatia i Russland og ei av elvane som munnar ut i Bajkalsjøen.

Ho renn frå nordsida av fjellet Khamar-Daban. Elva renn nær fjella Sangin-Daban og Daban-Utulik. Elva frys til om vinteren og vårløysinga startar tidleg i mai. Elva er forholdsvis bratt og har ei gjennomsnittleg helling på 10 meter per kilometer. Den siste delen av elva renn langs grensa mellom Burjatia og Irkutsk oblast. Elva er ei populær turistelv.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]