Sniksfjorden
Utsjånad
(Omdirigert frå Snigsfjorden)
Sniksfjorden eller Snigsfjorden er ein liten fjord i Lindesnes kommune. Han har innløp mellom dei to små holmane Fløyholmen og Tolleknivane. Det meste av vestsida av fjorden går langs Unnerøy, medan Tjaumsfjellet (109 moh) ligg på austsida. Mellom Unnerøy og Syrdalsfjorden i vest går det smale Navarsundet. Heilt inst i Sniksfjorden ligg tettstaden Snik og her munnar elva Audna ut i fjorden. Fjorden har ei lengd på litt over 3 km.
Denne geografiartikkelen som har med Agder å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.