Sogn Jord- og Hagebruksskule

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Koordinatar: 60°54′13″N 7°12′0″E Sogn Jord- og Hagebruksskule er ein vidaregåande skule som ligg i Aurland i Vestland fylke. Skulen har landsline med Vg2 og Vg3 i økologisk landbruk. I tillegg held skulen fleire kortare kurs knytt til landbruks- og matproduksjon.

Skulen vart etablert i 1917 på prestegarden Aurdal. Frå om lag 1980 har skulen og garden lagt om til økologisk undervising og drift.

Skulen har eigen gardsbutikk. Der kan ein kjøpa økologiske daglegvarer, grønsaker, frukt og blomster. Sogn Jord- og Hagebruksskule er med i Sogn fruktrute.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]