Solsyklus

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Ein solsyklus eller solsirkel er eit tidsrom på 28 julianske år. Ved enden av tidsrommet fell ein særskild dato på same vekedag igjen. Nummeret til året i solsyklusen vert kalla soltalet. Dette vart saman med søndagsbokstaven gjeve i middelalderske kalendarium for å lett kunne gje vekedagen for ein viss dato i året. På 1700-talet vart soltalet mindre viktig etter innføringa av den gregorianske kalenderen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]